Historia til Huset Vårt

Det var i 1917 at bygdefolket i Hornindal fekk ei storslått gåve gjennom testamentet etter politioverbetjent Hans Torgersen Heggen. I testamentet vart det oppretta eit legat, «Oline og Hans Heggens legat til fordel for gamle trængende i Hornindalens kommune».

I følgje statuttane skulle den avsette summen gå til innkjøp eller bygging av eit hus som skulle nyttast som gamleheim, «hvor så vel ægtefolk som enslige gamle av begge kjøn kan få pleie».

20 år seinare, i 1937, vart den staselege bygningen reist. Huset er teikna av arkitekt Lindstrøm i Bergen, og utforma i klassisistisk stil. Mange har i løpet av åra kommentert likskapen med Eidsvollsbygningen, utan at ein veit om dette er medvite gjort frå arkitekten si side.

Huset var i mange år eit samlingspunkt i bygda. Hit gjekk 17. mai-toget kvart år. Frå den rommelege trappa runga det 17. mai-taler og nasjonale høgtidssongar.

Huset var i bruk som aldersheim frå 1939 til 1981, og det var også legekontor her. Men huset har hatt mange funksjonar i tillegg: Det var nytta som bustadhus og skule før aldersheimsdrifta, og under krigen vert det fortalt at det budde unge familiar her i tillegg til dei første alderspensjonærane. Dette var for å hindre at okkupasjonsmaktene tok over bygningen. Då det vart slutt på aldersheimsdrifta, vart det barnehage i huset. Dei lokalhistoriske samlingane har også halde til her ein periode.
Olina og Hans Heggen

Hornindal Blandakor syng frå aldersheimstrappa 17. mai 1972. (Foto: Halvdan Lødemel)

Garden

Hornindal Aldersheim var ein spesiell institusjon.

I testamentet sitt skreiv Hans Torgersen Heggen at han ynskte det skulle høyre så mykje jord til eigedomen at pensjonærane kunne ha eigne stykke til å dyrke poteter og liknande på. Han fekk ynskjet sitt oppfylt.

Den tidlegare aldersheimen hadde ikkje berre jord til å dyrke poteter. Her var også fjøs og lade, og då 2. verdskrigen kom, vart garden ein svært viktig faktor for å halde drifta av aldersheimen gåande. Hadde ein ikkje hatt gardsdrift, hadde det truleg vore svært vanskeleg.

På garden var det griser, ei kyr, gjerne med kalv, og det vart dyrka grønsaker og poteter. Det var også ein liten frukthage. Pensjonærane ved heimen deltok i gardsdrifta. Dei stelte dyr, hesja, køyrde høy, hausta grønsaker og gjorde anna arbeid. Styreformann og driftsstyrar hadde i fellesskap ansvaret for drifta av huset og garden.

Sjølve garden der aldersheimen vart bygd, hadde tilhøyrt Olina «i Årå», Olina Mattisdatter Kjøs. Garden vart kjøpt av Hornindal kommune i 1935, og to år seinare starta arbeidet med bygginga av aldersheimen. Den gamle fjøsen/lada vart erstatta av ein ny i løpet av 50-åra.
Bygningsmiljøet i Årane etter at aldersheimen var bygd. (Foto utlånt av Lars R. Lunde)

Aldersheimen med fjøs/lade til høgre og «kvitestova», huset til Olina «i Årå», til venstre. Biletet er frå 1979. (Foto: Halvdan Lødemel)

Pensjonærar, drift og tilsette

Aldersheimen i Hornindal var av dei første i sitt slag i distriktet, og det vart difor teke imot pensjonærar frå andre kommunar også. Det blir óg fortalt at det ikkje var så lett å få fylt opp plassane den første tida. Folk var vande til at dei gamle budde heime, og dette tok det tid å endre på.

Etter kvart flytta det likevel inn pensjonærar som fylde opp bygningen. Mange i bygda hugsar med glede fleire av dei særmerkte personlegdomane som vart ein del av det daglege biletet på «Sanden». Det kom mellom anna to russiske flyktningar til Hornindal etter krigen, og desse fekk plass på «heimen». Den eine av dei budde der i nærare 30 år, og arbeidde mellom anna mykje i åkeren og grønsakshagen.

Den første arbeidsstokken ved «heimen» var på fire personar: Styrar, kokke og to «jenter».

Den første styraren ved aldersheimen var Marie Heggen, så følgde Milla Vedvik (seinare Kongsjord), Sigrid Gausemel, Borghild Nyland Rudi, Kristina Hatlelid Kirkhorn (som hadde styrarstillinga i heile 21 år) og Elisabeth Engvik.

Aldersheimsbygningen var moderne til si tid å vere, etter måten lettstelt og med både sentralvarme og vassklosett. Men det vart tungt og umoderne å drive fram mot slutten i 1981. Ikkje minst fordi det no ikkje berre var ein rein aldersheim. No skulle han også fungere som sjukeheim. Dette vart vanskeleg i eit hus utan heis og der dører, gangar og rom absolutt ikkje var dimensjonerte for senger og utstyr av meir moderne storleik.

I tillegg til dei som var tilsette for å ta seg av den daglege drifta, hadde stiftinga også eit styre. Her var soknepresten fast medlem. Då legatet vart skipa, vart det også fremja ynskje om at ein lækjar skulle sitje i styret. Hans Torgersen Heggen var dessuten ein framsynt mann, og fremja ynskje om at det også måtte vere «en kvinde» i «bestyrelsen».
Russiske Feodor Golovko arbeidde mykje i åkeren og grønsakshagen. (Foto: Mathias S. Heggen)

Barnehagen

Etter at den nye alders- og sjukeheimen vart teken i bruk, vart det oppretta leikegruppe i den gamle aldersheimsbygningen. Det var bruk for eit heildagstilbod i tillegg til korttidsbarnehagen i Lødemel, og leikegruppa kom i gang i september 1982.

To år seinare vedtok kommunestyret at foreldregruppa skulle få bruke 1. etasje til barnehage. Kari Torheim vart tilsett som styrar for Årane barnehage. Kommunen støtta barnehagen med gratis husleige, straum og oppvarming.

Det vart lagt ned mykje dugnadsarbeid både ute og inne for å oppfylle krava til barnehagedrift. For å få inn nok pengar til drifta, møttest foreldra om kveldane og laga ting som dei selde på salsmesse.

Den gamle hagen var til stor glede for barnehagen. Her kosa ungane seg med bær frå buskene. Også grasløk stod igjen frå tidlegare tider. Det vart også god kontakt med pensjonærane i den nye alders- og sjukeheimen, mellom anna med faste besøksdagar på arbeidsstova og luciaopptog i desember.

Barnehagen heldt til i den gamle aldersheimen til den nye Hornindal Barnehage stod ferdig i 1992.
I ti år gjekk dei yngste innbyggjarane i kommunen i barnehage her. Mange honndøler har såleis gode barndomsminne frå bygningen. (Bilete utlånt av Hornindal Barnehage)

«Huset Vårt» blir til

Då barnehagen flytta ut, vart den gamle aldersheimen ståande tom nokre månader. No dukka spørsmålet om kva ein skulle gjere med bygningen opp. Kommunen sette då ned ei nemnd som fekk oppgåva med å finne nytte for bygningen, og å vurdere nytteverdi og kostnadar opp mot planane om å byggje nye trygdebustadar her. Det var fleire eldsjeler i Hornindal som gjekk heilhjarta inn for at den gamle aldersheimen framleis skulle vere eit samlingspunkt. Det vart starta underskriftskampanje, og det vart halde allmøte på Kyrkjelydsstova.

Det fylkeskommunale «Liv laga»-prosjektet skulle bli ein viktig faktor i arbeidet for å berge bygningen. «Huset Vårt» kom med i prosjektet i 1993, og her er fekk ein økonomisk støtte til restaureringsarbeidet.

I mai 1994 vart partslaget Huset Vårt BA skipa, med om lag 60 partslutar eigde av private partseigarar.

Nært samarbeid

Huset Vårt har i dag tre hybelhusvære til utleige, og ti sengeplassar for overnatting med frukost eller sjølvhushald. Her er også selskapslokale for mindre arrangement som konfirmasjon, barnedåp, jubileum, minnesamvere og liknande. Huset høver også godt som utstillingslokale.

Det er styret for Huset Vårt som i dag står for drifta. Styret har eit nært samarbeid med Nærmiljøsentralen, som har kontorlokale i Huset Vårt. Det er Nærmiljøsentralen som administrerer den daglege bruken av huset.

«Det var motstand mot prosjektet «Huset Vårt» då ei gruppe frivillige fekk ta over den gamle aldersheimen for å utvikle huset til noko positivt. Damene som starta har fått til mykje meir enn mange hadde trudd. Dette trass i at fleire har gått rundt med ei von om at eldsjelene ikkje skulle lukkast. Huset Vårt er difor eit prov på det nyttar sjølv om ein vert motarbeidd» – seier ordførar Bjørn Lødemel. (Intervju i Sunnmørsposten 1996)

Takk til kjeldene Halvdan Lødemel, Ragnar Kirkhorn og Kjellaug Haugen.
Mange eldsjeler har lagt ned dugnadsarbeid for Huset Vårt. Primus motor for dei alle: Kjellaug Haugen.
Huset Vårt
Adresse Urdene 11
6763 HORNINDAL
Norge